PREMIERING

Premieringa vil skje i Ulsmohallen frå scena, og her blir det lagt opp til utdeling av premie frå både klubb og turneringssponsor. I forbindelse med premieutdelinga vil det også vere mogleg å ta lagbilete.

FORDELAR

1. Spelarar og trenarar som er med på Entec Cup vil få 50% rabatt på Ulsteinbadet under turneringa.  Ulsteinbadet har ope 11.00 - 18.00 laurdag og søndag.  Gå inn her for å sjå nettsida til Ulsteinbadet:  https://www.ulsteinarena.no/ulsteinbadet/

2. Det vil også bli rabatt på kino på Sjøborg denne dagen. Meir informasjon om korleis ein sikrar seg billettar til rabattert pris vil bli gitt nærmare turneringsstart. Kinoprogrammet vil bli lagt ut her:  https://www.sjoborg.no/program/

3. Alle lag som deltek er med i trekninga av eit gåvekort på kr. 2 000,- hos Intersport Ulsteinvik.

KONKURRANSAR

Det blir også lagt opp til konkurransar og kjekke aktivitetar under turneringa, og her kan ein vinne seg flotte premiar.